Skribentarkiv: Studentmållaget i Agder

EKSAMENSTIPS À LA AASEN

Blant alle dagane som skal feirast i mai kjem også nokon ikkje fullt så festfulle dagar. Eksamensperioden er i full gong, og det merkast. Anten ein har lest jamt heile semesteret og berre driv med siste finpuss, eller om ein sit med haugen av pensumbøker framfor seg og ikkje veit korleis ein skal ro i land ein ståkarakter, oppfordrar likevel vi i SmiA deg til å ta deg ein liten pause frå eksamensrelevant lesing for å lesa deg opp på dine språkrettar.

For å gjera jobben lettare for deg, har vi laga ei lita liste:

  • Du har krav på å få eksamen på di målform. Du står fritt til å velja kva språk du vil ha eksamen på, og det er studiestaden sitt ansvar å finna ut kva språk studentane er meldt opp med.
  • Du har rett til å klaga dersom du ikkje får eksamen på nynorsk når du er oppmeldt med nynorsk som hovudmål
  • Du har rett til å klaga dersom språket i eksamensoppgåvene er for dårleg. Dette er ikkje pirk! Når ein har rett til å få eksamensoppgåvene på si målform, har ein òg rett til å få desse på skikkelig nynorsk, ikkje tullespråk.
  • Norsk Målungdom har ein klageportal og hjelper deg med å senda inn klagar på anten manglande nynorskversjon av eksamen eller for dårleg språk. Klageportalen finn du her.

To tips for ein litt betre eksamensperiode:

  • Ikkje sats på skippertak. Dette er kanskje litt seint å seia frå om no, men det visar seg at det ikkje er den optimale studieteknikken. Dette kan vera lurt å ha i bakhovudet når eit nytt semester byrjar i august!
  • Hugs å ta pausar og få litt frisk luft. La hjernen få litt pausar, den kan ikkje arbeida på høggir ein månad i strekk. Jobb effektivt når du først jobbar, så kan du ta pause med godt samvit. Å sitja inne på eit dårleg ventilert grupperom eller på lesesalen 12 timar i strekk er ikkje å anbefala. Hjernen treng faktisk innslag av frisk luft.

Og når du først skal ha pause er sosiale medier ei fin avkopling, så kvifor ikkje følgja SmiA på Facebook, Instagram og Snapchat? @smiagder

Lukke til med eksamenar! 

STYREMØTE FEBRUAR

I går, søndag 19.02., hadde me styremøte for februar. 6 av styremedlemma stilte til planlegging av årsmøte, sosialkveldar og andre kjekke ting me vil få til i løpet av dette og neste semester. Litt tid til kaffidrøs vart det også. Me er endå litt i oppstartsfasen, men me driv og pønskar ut både det eine og det andre, så det er berre å følge med både her og på Facebook!

Det har ikkje vore særleg aktivitet verken her, på Facebook eller Instagram, men no er målet å bli meir synlege alle stadane.

16833446_10210366041485086_208864058_o

SmiA er for både dialekt- og koppmangfald. 

 

Elles har me endeleg fått oppdatert «Om SmiA«, så no ligg samansetjinga av det nye styret ute.

Årsmøtet er fredag 3. mars kl. 14:00, og er sjølvsagt ope for alle som er interesserte.

Årsmøte og scrabble-kveld

Årsmøte på UiA

Årsmøte på UiA

Klokka 18 i kveld i grupperom F1 013 på UiA Gimlemoen var det årsmøte i Studentmållaget i Agder. Styremedlemane Targeir Attestog og Gunnar Amundsen var til stades i tillegg til tre UiA-studentar var interesserte i å bli med i SmiA. Det var fleire, rundt fem i tillegg til dei frammøtte, som i forkant viste interesse for å engasjere seg i laget, men dei kunne diverre ikkje kome. Rekrutteringsarbeidet kjem til å bli intensivert framover. SmiA er forsiktig optimistiske for framtida si.

På møtet fekk SmiA endeleg vedteke standardlovene for lokallag i Norsk Målungdom med unntak av §5 ledd 1, som krev at pengane til lokallaget går til NMU. Grunnen er at Mållaget i Kristiansand eig bankkontoen som SmiA (tidlegare SmiK, Studentmållaget i Kristiansand) disponerer. Dette ser ut til å vere første gong SmiA har hatt vedtekter. Vi har ikkje klart å finne noko frå tida då det heitte SmiK.

Lover for Studentmållaget i Agder

Targeir Attestog blei vald til ny leiar for SmiA. Elles er styret uendra. Sjå samansetjinga på sida «Om SmiA».

2015-04-09 19.35.13

Targeir Attestog, nyvald leiar i SmiA

Vi blei einige om at vi må få rekruttert fleire medlemar. Heldigvis har vi allereie fått meldingar om deltakarinteresse frå rundt ti av nynorskbrukarar på UiA som vi har kontakta. Mange har ikkje svara på epost enno. Vi prøver derfor å nå dei med SMS. På hausten skal vi forsøke å få til arrangement

Etter møtet blei det nynorsk-Scrabble på Østsia. Vi blei akkurat ferdige før quizen der starta. Diverre blei det ikkje noko SmiA-quizlag denne gongen fordi dei fleste måtte reise då.

Om to-tre veker skal vi forsøke å få til ny hyggekveld. Kontakt i styret viss du ønsker å kome (smia@nynorsk.no). Fortel om når det passar. Meir informasjon om dette kjem snart.

Tekst: Targeir Attestog
Foto: Targeir Attestog og Gunnar Amundsen

Nytt namn og ny nettstad

Velkomen til den nye nettstaden til det som no er Studentmållaget i Agder (SmiA), som sannsynlegvis ser friskare ut enn den gamle. Fram til april i år heitte me Studentmållaget i Kristiansand. Me har skifta namn for at studentar i Grimstad også skal føle seg velkomne. Me håper å bli styrka med medlemer frå begge studiestadane på UiA i haust. Studentar frå privathøgskulane i Kristiansand er naturlegvis også velkomne. Ta gjerne kontakt med oss om du går på vidaregåande ein eller annan plass på Agder. Epostadressa vår er smia@nynorsk.no