EKSAMENSTIPS À LA AASEN

Blant alle dagane som skal feirast i mai kjem også nokon ikkje fullt så festfulle dagar. Eksamensperioden er i full gong, og det merkast. Anten ein har lest jamt heile semesteret og berre driv med siste finpuss, eller om ein sit med haugen av pensumbøker framfor seg og ikkje veit korleis ein skal ro i land ein ståkarakter, oppfordrar likevel vi i SmiA deg til å ta deg ein liten pause frå eksamensrelevant lesing for å lesa deg opp på dine språkrettar.

For å gjera jobben lettare for deg, har vi laga ei lita liste:

  • Du har krav på å få eksamen på di målform. Du står fritt til å velja kva språk du vil ha eksamen på, og det er studiestaden sitt ansvar å finna ut kva språk studentane er meldt opp med.
  • Du har rett til å klaga dersom du ikkje får eksamen på nynorsk når du er oppmeldt med nynorsk som hovudmål
  • Du har rett til å klaga dersom språket i eksamensoppgåvene er for dårleg. Dette er ikkje pirk! Når ein har rett til å få eksamensoppgåvene på si målform, har ein òg rett til å få desse på skikkelig nynorsk, ikkje tullespråk.
  • Norsk Målungdom har ein klageportal og hjelper deg med å senda inn klagar på anten manglande nynorskversjon av eksamen eller for dårleg språk. Klageportalen finn du her.

To tips for ein litt betre eksamensperiode:

  • Ikkje sats på skippertak. Dette er kanskje litt seint å seia frå om no, men det visar seg at det ikkje er den optimale studieteknikken. Dette kan vera lurt å ha i bakhovudet når eit nytt semester byrjar i august!
  • Hugs å ta pausar og få litt frisk luft. La hjernen få litt pausar, den kan ikkje arbeida på høggir ein månad i strekk. Jobb effektivt når du først jobbar, så kan du ta pause med godt samvit. Å sitja inne på eit dårleg ventilert grupperom eller på lesesalen 12 timar i strekk er ikkje å anbefala. Hjernen treng faktisk innslag av frisk luft.

Og når du først skal ha pause er sosiale medier ei fin avkopling, så kvifor ikkje følgja SmiA på Facebook, Instagram og Snapchat? @smiagder

Lukke til med eksamenar! 

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *