Årsmøte og scrabble-kveld

Årsmøte på UiA

Årsmøte på UiA

Klokka 18 i kveld i grupperom F1 013 på UiA Gimlemoen var det årsmøte i Studentmållaget i Agder. Styremedlemane Targeir Attestog og Gunnar Amundsen var til stades i tillegg til tre UiA-studentar var interesserte i å bli med i SmiA. Det var fleire, rundt fem i tillegg til dei frammøtte, som i forkant viste interesse for å engasjere seg i laget, men dei kunne diverre ikkje kome. Rekrutteringsarbeidet kjem til å bli intensivert framover. SmiA er forsiktig optimistiske for framtida si.

På møtet fekk SmiA endeleg vedteke standardlovene for lokallag i Norsk Målungdom med unntak av §5 ledd 1, som krev at pengane til lokallaget går til NMU. Grunnen er at Mållaget i Kristiansand eig bankkontoen som SmiA (tidlegare SmiK, Studentmållaget i Kristiansand) disponerer. Dette ser ut til å vere første gong SmiA har hatt vedtekter. Vi har ikkje klart å finne noko frå tida då det heitte SmiK.

Lover for Studentmållaget i Agder

Targeir Attestog blei vald til ny leiar for SmiA. Elles er styret uendra. Sjå samansetjinga på sida «Om SmiA».

2015-04-09 19.35.13

Targeir Attestog, nyvald leiar i SmiA

Vi blei einige om at vi må få rekruttert fleire medlemar. Heldigvis har vi allereie fått meldingar om deltakarinteresse frå rundt ti av nynorskbrukarar på UiA som vi har kontakta. Mange har ikkje svara på epost enno. Vi prøver derfor å nå dei med SMS. På hausten skal vi forsøke å få til arrangement

Etter møtet blei det nynorsk-Scrabble på Østsia. Vi blei akkurat ferdige før quizen der starta. Diverre blei det ikkje noko SmiA-quizlag denne gongen fordi dei fleste måtte reise då.

Om to-tre veker skal vi forsøke å få til ny hyggekveld. Kontakt i styret viss du ønsker å kome (smia@nynorsk.no). Fortel om når det passar. Meir informasjon om dette kjem snart.

Tekst: Targeir Attestog
Foto: Targeir Attestog og Gunnar Amundsen

Nytt namn og ny nettstad

Velkomen til den nye nettstaden til det som no er Studentmållaget i Agder (SmiA), som sannsynlegvis ser friskare ut enn den gamle. Fram til april i år heitte me Studentmållaget i Kristiansand. Me har skifta namn for at studentar i Grimstad også skal føle seg velkomne. Me håper å bli styrka med medlemer frå begge studiestadane på UiA i haust. Studentar frå privathøgskulane i Kristiansand er naturlegvis også velkomne. Ta gjerne kontakt med oss om du går på vidaregåande ein eller annan plass på Agder. Epostadressa vår er smia@nynorsk.no